mandag 21. mars 2011

Vårskitur på Hollyburn Mountain - Cypress

Mollyburn Mountain 1350 moh. med utsikt heim.
I dag var eg på ein kort topptur ved Cypress Moutanin når Tiril sov lunsj. Cypress er det største av dei bynære skianleggene i Vancouver. Sidan Ane var på tur til Hollyburn sist vi var her var det i dag min tur til å gå på topptur og Ane sin tur til å gå nokre rundar med pulken i langrennsporet. Det vart ei lita kultur vandring på veg opp. Eg gjekk opp snowshoe sporet og snakka litt med trugefolket. Truger er i vinden i Vancouver og ved på langrenn- og trugestadionen er det minst 40 prosent som nyttar truger. Det er merka trugeløyper på samme måten som ein merkar langrennsløyper. Trugefolket var hyggelege, men eg var litt uheldig på veg opp. Eg kom litt nær ei litt stor trugedame. Ho vart litt overraska at nokon kunne passere henne. Dette resulterte i at ho brått og uventa kvelva. Eg sa sorry og spurte om eg skulle hjelpe ho opp igjen. Men eg fekk kjeft av mannen hennar. Så eg sa sorry ein gang til gjekk vidare. 

Whiskey Jack er kallenamnet til desse luringane.
Opp på toppen skilte eg lag med trugefolket. Medan dei hadde like langt å gå for å komme ned igjen hadde eg nordvest vendt skogskøyring i vente. Inngangen til  denne delen av skogen er litt krevjande. Ein må mellom to mindre klippeparti. Restultatet av dette var at det var tre andre skispor og mykje uspora snø. Med utsikt til alpinanlegget fekk eg 450 høgdemeter med god skogskøyring ned til vegen. Når eg kom bort igjen til langrennstadion hadde Tiril våkna. Ho inviterte til snøball kasting og ein kort skitur. Det var ein fin familietur med eit innslag av ein topptur. Ein turdag for store og små.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar