torsdag 3. mars 2011

Bishop California - Buldring

For ei veke sidan hadde eg ikkje tenkt tanken på å reise på buldretur. Eg måtte tenke litt alternativt sidan eg skulle på tur åleine. Ryktene gjekk om at det var fleire kjente i Bishop. Facebook bekrefta dette og det kom melding om at det var gode buldre forhold. Dermed vart det buldretur og den lange køyreturen til Bishop.

Bishop ligg i ørkenen aust av fjellkjeda Sierra Nevada som har toppar opp til 4270 moh. Byen er på storleik med Førde og byen hevdar at dei er esel hovudstaden i USA. Dei skryter også av at det er godt fiske i elva Owen river. Nokre få innbyggarar har fått med seg at det er superb buldring i byen deira. Bybildet i hovudgata er sett saman av dei som er litt store og går med cowboy hatt, og dei litt mindre som går rundt med rare ullhuer og store dunjakker. Den siste gruppa er klatrande turister frå heile verda. Det mest kjente buldreområdet er Buttermilks. Gjengen eg skulle møte var ute av byen ein tur så første buldredag tok eg på Buttermilks.

Buttermilks 
Eit kjent buldrer på Buttermilks er Iron Man. Iron Man var klatra første gangen i 1981 av Tony Pupo. Hadde dette vore ei klatrerute i 1981 hadde det vore i den øvre delen av 5.12 klatregrad skalaen og dermed blandt dei vansklegaste sportklatrerutene for si tid. I dag er den gradert V4, som er ei moderat buldregrad, for dei som er interessert i slikt. Det er 10 år sidan eg var her sist og er dermed vorte 10 år eldre sidan sist. Eg måtte berre prøve å repetere det klassiske bulderet. I 2001 klarte eg ikkje å gå bulderet første dagen. Korleis var buldreforma i 2011?

Iron Man
Iron Man er ein travers som startar på gode grep, så blir grepa mindre og til slutt må ein gjere eit byks.

Iron Man bykset

Iron Man gjekk ikkje i første forsøk, men i tredje forsøk. Dermed fekk eg svar på spørsmålet mitt. Buldreformen er på høgde med kva den var når eg var litt yngre. To som er steingamle er Grandpa og Grandma. Desse to kampesteinane er dei to største buldra på Buttermilks. Skal eg gjere eit anslag er dei 18 - 20 meter høge.

Grandma ligger bak Grandpa
Liker ein å buldre på store steinar går det fleire ruter opp på toppen av Grandma. Rutene går på venstre del av den bakerste steinen ein ser på bilde. God tur til dei som likar slikt. Ein treng ikkje styrtmatte for å buldre slike bulder.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar