fredag 28. januar 2011

Canada - 2011

Hei igjen. Etter å ha vore lite aktiv ein periode tek eg opp igjen turbloggen. Første halvdelen av tjue elleve er eg i Vancouver. Eg skal prøve å formidle litt kva turar og aktivitetar eg er på ute i naturen. Det eg har brukt mest tid på fram til no er skogssykling i nord Vancouver. At skogssyklinga er ein fin vinteraktivitet var ein postiv overrasking.

Drikkerast på veg opp Mt. Fromme - North Shore Vancouver 
Sist onsdag var eg ein tur for å synfare buldringa i Squamish. Buldringa i Squamish er på granittblokker og der er store og små steinar å velje mellom. I buldreføraren er 2500 buldre problem... Det blir nok eit innlegg der frå når regnet gir seg og det tørkar opp.

Det fine med skogssykling er at ein kan sykle sjølv om det vått og regna. Den eine gangen eg var å sykla var det slaps. Frå leiligheta der vi bur tek det ca. 30 minuttar å køyre til parkeringa til Mt. Fromme.
Litt spent før første tur på ein dobbel svart sykkelsti.
Eg vurderar å kjøpe hjelmkamera i år. Det er litt "harry", men eg er nesten alltid på tur åleine her borte. Det kan vere ein måte å ta litt bilder og film frå turane. Eg sjekkar på litt på bruktsidene på nettet. Her er ein snutt frå Ladies Only:


North Shore - Fromme - Ladies Only to Upper Skull from North Shore Bike Shop on Vimeo.

Dei fleste som dreg til Canada om vinteren er her for å stå på ski. I Vancouver er det tre lokale skianlegg. Det er fine anlegg til kveldskøyring og ein kan få glimt av laussnø. Den eine dagen eg var i Cypress fekk eg køyrt pudder. Ved vestkysten av Canada må ein fjells for å finne tørrsnø. Det tek to timar til Whistler eller Mt. Baker (U.S.).  Begge desse anlegga har gode moglegheitar for toppturar i høgfjellet. Vi var ein tur til Whistler, men då vart det køyring i anlegget. For å komme inn til Canadian Rockies og tørrsnøen tek det 7 timar å køyre. Eg håpar at eg får meg ei veke i Revelstoke litt seinare i vinter.