søndag 12. september 2010

Nærøyfjorden - med sognafæring

Å ro Nærøyfjorden med sognafæring er ein av hausten sine frynsegoder i jobben min. Friluftslivstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane nyttar denne roturen som ein del av undervisninga om naturbasert reiseliv. 
På veg til Styvi i åttringen 
Roturen starta i Undredal, men før vi gjekk i båtane hadde vi ostesmaking av kvit og brun geitost frå det lokale ysteriet og anna lokal "slow food". Etter lunsj rodde vi rundt Beitelen og inn i Nærøyfjorden. I Dyrdal overnatta vi i skulestova.    

Styvingen og Aurlands Svarten 
Kystlaget og Kystledet har sognafæringer til leige i Aurland og på Bakka. Eit turist forslag i nærområdet er ro Nærøyfjorden og overnatte på Drægo eller Stigen med tre rettars middag. Sognafæringen er ein robåt der roeigenskapane har vore dyrka fram i generasjonar. Den har fleire likheitar med båtar som vart bygde i Sogn for 1000 år sidan. Det å skli fram over sognfjorden med ein lokal færing er ei oppleving.
Ei voksen krabbeklo
Lunsj kan ein ordne sjølve. Trollgarnet vårt fekk godt med krabbar. Denne kloa er frå den største krabben.

Vi nærmar oss Bakka i Nærøyfjorden
Sognafæringen er eit effektivt transportmiddel på fjorden. Ved gunstige forhold holdt båtane ein hastigheit kring 6 km/t utan at roarane brukte krefter. Når ein ror på kom hastigheiten opp mot 10 km/t. Utifrå desse erfaringane kan eg skjønne at våre forfedre har rodd både til Bergen og lengre avstandar.

Åttring i Nærøyfjorden 2010 from Vegard Vereide on Vimeo.
Takk for turen denne gangen også.

mandag 23. august 2010

Kvam - ei tidsoase

Klatrefeltet i Kvam har vore grunnpillaren i mi klatring dei siste åra. Frå eg går ut døra heime til eg kan opne kalkposen og byrje å klatre tek det 15 minuttar. Tidsoasen blir skapt av at eg kan klatre og ha det kjekt med kammerat samstudes at eg ikkje tek for mykje dyrbar familietid. Kvam har klart å bevare klatraren i meg.

Sigbjørn klatrar Nevada på Svarthammaren.  Foto: Johanne Hauge
I sommar kom klatrerute nummer 200 på klatrefeltet. Duoen Sigbjørn og Thor Espen har ned lagt ein unik jobb på Kvam. Innan eit år har duoen etablert 30 nye ruter i Kvam og ved Hafslo. Av desse er 10 klatreruter naturleg sikra. Andre har også stått på for klatringa i Kvam det siste året. Det å ha gode lokale klatrefelt gjer til at klatraren i meg lever. Ei takk til alle dei som står på for Kvam.

 Tørre og glade lokale heltar i regnver på Svarthammaren
 Til Thor Espen og Sigbjørn god klatretur.

torsdag 12. august 2010

Natursykling kring hytta på Høvringen

Høvringen er i eit landskap som er godt egna for stisykling. Dei siste gangane vi har vore på hytta har vi "oppdaga" sykkel moglegheitane som låg rett utanfor hytte døra. Desse bildene er frå stien mellom Smukksjøsæter til Høvringen.
Stien går langs Høvringsåe og gjev moglegheit til å få "flyt" opplevingar
Merka T-stiar kan nyttast til anna enn vandring. I Rondane nasjonalpark er det ikkje lov å sykle i terregnet eller på sti. Men i landskapvernområdet kring Høvringen kan ein både sykle og ri på stinettet.
Høvringen har nokre eldre stølstun

Turen frå Smukksjøsøæter til Høvringen er 6 kilometer. Takk for turen.

mandag 9. august 2010

Store Trolltind - nordeggen

Denne turen har vore på ønskelista i fleire år

Adelsbreen ligger på eine sida av ryggen og Romsdalen på den andre

Siste del av nordeggen er klatring

Ryggen gjev god utsikt til Trollveggen

Eit tilbakeblikk

Eg skjønnar basehopparane...trur eg...

Brudeskaret på Trollveggen. Gamle minner blir børsta støv av for ein god venn.

Vi gjekk normal veg tilbake via Trollstigen

Takk for turen

fredag 6. august 2010

Turist på Romsdalshorn

Ettermiddagstur til Romsdalshorn

Innsteget til Hornet startar med "Spranget"

Vi klatra opp nordveggen

Hytta til Anders Randers Heen

Vi gjekk ned igjen Halls renne

torsdag 15. juli 2010

Haugsvarden 862 moh - kveldstur frå Vereide


Steinbordet ved Tystadstøylen

Frå Høgefjellet er det fin sykling forbi Lomvatnet

Utsikt frå Haugsvarden

Ein fin sommar kveld

Frå toppen av Haugsvarden med Kandals fjella i bakgrunnen

Ane i farta

Nokre svingar før Tystadstøylen

Stien ned mot Skår

På oppdrag for NKF - Beachen

Bolteveke på Beachen

Jarle klatrar Kneip i lunsjen

Nok eit forsøk på Osabambosa. Kanskje det går ein kald vakker dag.

lørdag 26. juni 2010

Konglesladden - Hungerhaug

Turen starta med litt sykkelprat. Kva har du pimp'a sykkelen med sidan sist?

Dagens tur går til Hungerhaug og kanskje til Vardaheii.

Vaktmeistergenet slo inn på veg oppover. Litt orden må det vere i naturen.

Nesten Vardaheii - pappa'er må passe tiden. Vi kom til 840 moh.

Stien frå Vardaheii til Hungerhaug.

Hungerhaug - ein idyll for natursyklarar.

Nokre av utgangane av stien er litt spennande.

Doseringa gjer forsatt jobben sin.

Det vart litt luft under hjula.

Det var det for denne gangen.

Takk for turen.