søndag 12. september 2010

Nærøyfjorden - med sognafæring

Å ro Nærøyfjorden med sognafæring er ein av hausten sine frynsegoder i jobben min. Friluftslivstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane nyttar denne roturen som ein del av undervisninga om naturbasert reiseliv. 
På veg til Styvi i åttringen 
Roturen starta i Undredal, men før vi gjekk i båtane hadde vi ostesmaking av kvit og brun geitost frå det lokale ysteriet og anna lokal "slow food". Etter lunsj rodde vi rundt Beitelen og inn i Nærøyfjorden. I Dyrdal overnatta vi i skulestova.    

Styvingen og Aurlands Svarten 
Kystlaget og Kystledet har sognafæringer til leige i Aurland og på Bakka. Eit turist forslag i nærområdet er ro Nærøyfjorden og overnatte på Drægo eller Stigen med tre rettars middag. Sognafæringen er ein robåt der roeigenskapane har vore dyrka fram i generasjonar. Den har fleire likheitar med båtar som vart bygde i Sogn for 1000 år sidan. Det å skli fram over sognfjorden med ein lokal færing er ei oppleving.
Ei voksen krabbeklo
Lunsj kan ein ordne sjølve. Trollgarnet vårt fekk godt med krabbar. Denne kloa er frå den største krabben.

Vi nærmar oss Bakka i Nærøyfjorden
Sognafæringen er eit effektivt transportmiddel på fjorden. Ved gunstige forhold holdt båtane ein hastigheit kring 6 km/t utan at roarane brukte krefter. Når ein ror på kom hastigheiten opp mot 10 km/t. Utifrå desse erfaringane kan eg skjønne at våre forfedre har rodd både til Bergen og lengre avstandar.

Åttring i Nærøyfjorden 2010 from Vegard Vereide on Vimeo.
Takk for turen denne gangen også.