onsdag 9. mars 2011

Gjestevisitt hos team "Jentekraft"

Denne historia har kanskje eit innhald som har parallellar til gutta på klatretur, men i denne historia er det tre jenter som er på tur. Klatreturen er lang, men dei skal ikkje klatre høgt eller langt. Dei skal buldre mykje og elles kose seg i seks månader. Oppvarminga har dei gjort i Hueco Tanks, Texas i januar og februar. I mars skal dei vere i Bishop. Målet med april og mai er at dei skal vere der det er best forhold i enten Fontainebleau og/eller Spania. Juni er tiltenkt i det litt høgare liggande Sveits. Med andre ord ein real tur uten real tur mat. Følg dei på bloggen: http://birgitnesheim.blogspot.com/

Caroline klatrar Bowling Pin sit start V6 
Ungdomane hadde rangla kvelden før og kom seinare enn kva planen var til Buttermilks. Vi slo leir ved steinen Bowling Bin og byrja buldredagen der. Etter litt oppvarming frå sola og nokre forsøk på sit starten hadde det utvikla seg ei lun stemning. Det var opplagt at dette buldret kom til å bli klatra. Eirik valte V8 sit starten. Dermed hadde vi alle noke å strekke fingrane etter. "Dette bulderet vil jeg gå med hatt" seier Caroline Løftingsmo. Om det var ei førstebestigning med hatt veit eg ikkje, men det var elegant. Etter at Birgit hadde klatra buldret vart ho akutt dårleg etter kvelden før. Ho gjekk frå å vere lett fyllesjuk til å måtte ta ein ørkentur for å ta ein kort prat med ein busk. Den lune stemninga forsatte og fleire av gjengen klatra bulderet. Carloline blar litt i notatboka si. "Vil dere høre diktet jeg har skrevet, det er for tiden favoritt diktet mitt. Det er bare noen forvirrede tanker, men jeg liker det". Vi likte alle diktet og det kom eit smil frå den liggande Birgit.

Etter lunsj vandra vi ned til Drifter steinen. Eg gjorde nokre forsøk til på High Plain Drifter, men det var tyngre enn dagen før. Caroline gjekk og såg litt i føraren og såg litt på steinane rundt seg. "Jeg trur at dette V8 bulderet kan jeg få til. Jeg henter skoene mine". Nokre minutter seinare er ho på god veg med dei forskjellige sekvensane i bulderet saman med Eirik. Mitt første møte med Caroline er frå 2002 og hennar glød for buldring merka eg alt då. Eg var klatretrenaren til barne- ungdomsgruppa hennar i 2 - 3 sessongar. Derfor er det kjekt å slå av ein liten buldre prat og oppleve buldre lidenskapen på Buttermilks nesten 10 år seinare.

Buttermilk stem - Jeanette gjer seg klar til å tøye ut litt


Ein tur-takk til Caroline, Birgit og Synnøve. Samt Jeanette og Eirik i team Tromsøkraft som skal bistå the Norwegians i Bishop i tre veker. På denne turen fekk eg påfyll av inspirasjon. God klatring og god tur vidare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar