mandag 23. mai 2011

Seventh Secret

Grønn vinter har blitt grønn sommar i Vancouver. Denne helga er det Victoria day og Canadiarane seier ofte at denne ovale helga er starten på sommaren. I år vart denne helga innleia med 21 grader i Vancouver. Ane og eg nytta oss av at Tiril var i barnehagen og tok turen til North Shore etter lunsj. Vi hadde to timar til sykling før vi måtte hente Tiril i barnehagen. Kva kan Vancouver tilby innanfor si bygrense?

Eit møte med snøen igjen. Ane er klar for nedturen. 
Vi sykla oppover ein time og møtte på snøen igjen ca ved 1000 moh. På veg oppover kom vi i snakk med nokre andre sykelistar. Dei anbefalte oss å starte med stien Seventh Secret. 
Øvre del av Seventh Secret.
Seventh Secret kan by på variert underlag med lengre seksjonar med Western Redcedar plankar, brolagte seksjonar med granittsteinar og nokre lengre stokkar. Instillasjonen under har ei bru opp på ein gangske stor stein som akkurat går å sykle ned.  
Eit bulder med sykkel. 
Det er to avslutningar på stien. Ein følgjer stien eller ein kan ta ein avstikkar og følgje ein lengre trestokk.

Etter Seventh Secret sykla vi Leppard Trail som er ein XC-sti som går bortover, litt nedover, litt oppover for deretter å gå litt nedover.
Vi kom ut igjen på skogsbilvegen lengre nede og sykla opp igjen til Pipeline for å prøve oss på meir trekonstrukskjonar.
Vippa på Pipeline er imponerande. Denne tre konstruksjonen er den største eg har sett i skogen. Den er kring 75 - 100 meter lang og den er ein god meter over bakken.

Siste etappe var på Baden Powell stien. Tilsaman brukte vi ein ein god time ned igjen. Vi nådde akkurat barnehagen og hadde afterbike i hagen med grillfest saman med Tiril.

Sykling på eit nedfalls tre. Det kan vere ei Douglas-fir, Western Redcedar eller ei Western Hemlock. 
Etter ein vinter og vår på Mt. Fromme har sykkelferdigheitane auka i takt med trua på kva som kan syklast. Utfordringane har blitt høgare, brattare, tynnare og lengre. Skrentar og sva har blitt ein arena med sykkelen. På samme måte som eg tidligare har øvd på klatreruter til eg har klart å klatra dei, har eg i vinter og vår øvd inn sykkelstiar. For meg har dette vore ein ny måte å forholde seg til sykkelen. Eg har blitt glad i naturtypen tjukkaste barskogen og eg syns at den er kanskje vakrast når det regnar. Denne vinteren og våren tok sykkelgleda og gleda av å vere ute meg med på ei flott ferd i skogen.  

tirsdag 10. mai 2011

"Du bør kjøpe ein brukt Scratch", rådet kom frå Pål

Eg hadde spurt Pål på Facebook om eit tips til ein North Shore sykkel som eg kunne ta med til Whistler og til Høvringen, samt at den ville trivast i Sogn og Fjordane. Sykkelen burde vere god å sykle på samstundes som den burde like utfordringar nedover. Gjennom åra har eg vore borti fleire kombi produkt som t.d. Åsnes MT 54, som skulle vere ei god telemarkski og samstudes ei god fjellski. For å vere heilt ærleg var denne kombiskia ikkje god til nokon av delene. Derfor blir eg glad kvar gang eg møter eit produkt som mestrar fleire eigenskapar godt. Pål var tydeleg på kva sykkel eg burde leite etter i bruktmarkedet. I jungel av sykkelmerke, sykkelklasser og sykkeltypar har eg gjeve opp. Mange terrengsyklar har desse forkortingane festa ved seg: DH, FR, Enduro, AM og XC. Det var enklare før, DBS - den beste sykkelen og den kom i to modellar herresykkel og damesykkel. Då kombisykkelen frå DBS kom vart alt rota til. Eg ville ha den beste sykkelen eg kunne møte den canadiske vinteren, våren og sommaren med og i tillegg ta den med heim att til gamle landet. Soloppgang på Haugsvarden, solnedgang på Molden, slaps på Kongle Sladden og til å skremme turgåarar med ned Stedjeåsen etter jobb på veg heim til familiemiddag.


Etter at eg hadde fått rådet frå Pål vurderte eg om det var eit bra råd. Pål er født på Sørstranda og han kjem på sykkeltur til Nordstranda. I tillegg framheva han også at den finaste natursyklinga i Gloppen er på Nordstranda. Slikt skapar tillit. Eg fant sykkelen min brukt i Calgary. Greyhound to den med seg over Rock Mountain i ei kolonnekøyring ein januardag i vinter.

Eg er godt nøgd med sykkelen min. Når eg ute å på tur har fleire spurt meg om eg likar sykkelen, og sidan eg er Nordfjording, så nøyer eg med å svare at det er ein bra sykkel. I den siste tida har det komme fleire testar på Scratch'en og det dei alle legger vekt på er kor allsidig sykkelen er. Eg er einig med kritikarane. Det er ein god tursykkel.

Testar og kommentarar om Scrath'en:

Minus med fulldempa syklar er at dei er dyre, men heldigvis er det eit godt brukt marked for syklar på nettet.