torsdag 31. mars 2011

Kongen av Powder King

Sandy er ein driftig laussnøjeger. Sidan 1971 har han vore på jakt etter laussnøen i Powder King Mountain Resort. Få andre har køyrt fleire høgdemeter uspora snø enn han i og i kring skianlegget Powder King. Å få vere med han på ski i tre dagar sist helg var ei skioppleving.

Sandy forklarer om kor i skogen ein fin den beste snøen.
"This glades have I been looking at for 40 years", seier Sandy. Det er fredag kveld og det er topptur planlegging for laurdagen. Greg, hans gode skikamerat bekreftar at dei hadde ikkje vore på denne nordaust sida før og han vil vere med. Toppturplanen går ut på å snørekøyre inn snowmobil trail'en i Pine Le Moray Provincal Park ein 5 - 7 kilometer før ein går opp på ein siderygg til Mt. Thomas. Barnsleg glede var å spore i smilet til 60 åringane når dei stod på ryggen og tok av skifellene sine. Vi såg over dalen til hyttene deira og under oss hadde vi 500 høgemeter med laussnø og flotte skogs-glenner (glades). Denne dagen hadde vi nok den beste laussnøeturen i Powder King.

Sandy er skogs-konsulent av yrke og eit av oppdraga han hadde i fjor var å planlegg for cat-ski ruter nord av skianlegget i Powder King. Søndagen vart derfor brukt i Magic Forest. Vi var så heldig å ha skogen åleine i år, og ha gleden av gå ut igjen dalen på feller. Neste sesong er cat-ski maskinene på plass og de blir lengre å gå for å finne uspora snø.

Her blir det catski trase neste vinter. 

For å gjere ei relativ lang historie kort har Ane vore utvekslingsstudent i Prince George, BC. I ein engelsk time fekk dei skrive om kva dei likte. Ane skreiv om å vere på ski. Dette førte til ho vart kjent med Roberta, sin engelsk lærar og familien hennar som har ei hytte i Powder King. For 13 år sidan signert Sandy og Roberta laussnøen kring Hodlekve med telemarksvingar. To skifamiliar hadde blitt kjent med kvarandre og dette var grunnen til vi var i Powder King i helga.

mandag 21. mars 2011

Vårskitur på Hollyburn Mountain - Cypress

Mollyburn Mountain 1350 moh. med utsikt heim.
I dag var eg på ein kort topptur ved Cypress Moutanin når Tiril sov lunsj. Cypress er det største av dei bynære skianleggene i Vancouver. Sidan Ane var på tur til Hollyburn sist vi var her var det i dag min tur til å gå på topptur og Ane sin tur til å gå nokre rundar med pulken i langrennsporet. Det vart ei lita kultur vandring på veg opp. Eg gjekk opp snowshoe sporet og snakka litt med trugefolket. Truger er i vinden i Vancouver og ved på langrenn- og trugestadionen er det minst 40 prosent som nyttar truger. Det er merka trugeløyper på samme måten som ein merkar langrennsløyper. Trugefolket var hyggelege, men eg var litt uheldig på veg opp. Eg kom litt nær ei litt stor trugedame. Ho vart litt overraska at nokon kunne passere henne. Dette resulterte i at ho brått og uventa kvelva. Eg sa sorry og spurte om eg skulle hjelpe ho opp igjen. Men eg fekk kjeft av mannen hennar. Så eg sa sorry ein gang til gjekk vidare. 

Whiskey Jack er kallenamnet til desse luringane.
Opp på toppen skilte eg lag med trugefolket. Medan dei hadde like langt å gå for å komme ned igjen hadde eg nordvest vendt skogskøyring i vente. Inngangen til  denne delen av skogen er litt krevjande. Ein må mellom to mindre klippeparti. Restultatet av dette var at det var tre andre skispor og mykje uspora snø. Med utsikt til alpinanlegget fekk eg 450 høgdemeter med god skogskøyring ned til vegen. Når eg kom bort igjen til langrennstadion hadde Tiril våkna. Ho inviterte til snøball kasting og ein kort skitur. Det var ein fin familietur med eit innslag av ein topptur. Ein turdag for store og små.




onsdag 9. mars 2011

Gjestevisitt hos team "Jentekraft"

Denne historia har kanskje eit innhald som har parallellar til gutta på klatretur, men i denne historia er det tre jenter som er på tur. Klatreturen er lang, men dei skal ikkje klatre høgt eller langt. Dei skal buldre mykje og elles kose seg i seks månader. Oppvarminga har dei gjort i Hueco Tanks, Texas i januar og februar. I mars skal dei vere i Bishop. Målet med april og mai er at dei skal vere der det er best forhold i enten Fontainebleau og/eller Spania. Juni er tiltenkt i det litt høgare liggande Sveits. Med andre ord ein real tur uten real tur mat. Følg dei på bloggen: http://birgitnesheim.blogspot.com/

Caroline klatrar Bowling Pin sit start V6 
Ungdomane hadde rangla kvelden før og kom seinare enn kva planen var til Buttermilks. Vi slo leir ved steinen Bowling Bin og byrja buldredagen der. Etter litt oppvarming frå sola og nokre forsøk på sit starten hadde det utvikla seg ei lun stemning. Det var opplagt at dette buldret kom til å bli klatra. Eirik valte V8 sit starten. Dermed hadde vi alle noke å strekke fingrane etter. "Dette bulderet vil jeg gå med hatt" seier Caroline Løftingsmo. Om det var ei førstebestigning med hatt veit eg ikkje, men det var elegant. Etter at Birgit hadde klatra buldret vart ho akutt dårleg etter kvelden før. Ho gjekk frå å vere lett fyllesjuk til å måtte ta ein ørkentur for å ta ein kort prat med ein busk. Den lune stemninga forsatte og fleire av gjengen klatra bulderet. Carloline blar litt i notatboka si. "Vil dere høre diktet jeg har skrevet, det er for tiden favoritt diktet mitt. Det er bare noen forvirrede tanker, men jeg liker det". Vi likte alle diktet og det kom eit smil frå den liggande Birgit.

Etter lunsj vandra vi ned til Drifter steinen. Eg gjorde nokre forsøk til på High Plain Drifter, men det var tyngre enn dagen før. Caroline gjekk og såg litt i føraren og såg litt på steinane rundt seg. "Jeg trur at dette V8 bulderet kan jeg få til. Jeg henter skoene mine". Nokre minutter seinare er ho på god veg med dei forskjellige sekvensane i bulderet saman med Eirik. Mitt første møte med Caroline er frå 2002 og hennar glød for buldring merka eg alt då. Eg var klatretrenaren til barne- ungdomsgruppa hennar i 2 - 3 sessongar. Derfor er det kjekt å slå av ein liten buldre prat og oppleve buldre lidenskapen på Buttermilks nesten 10 år seinare.

Buttermilk stem - Jeanette gjer seg klar til å tøye ut litt


Ein tur-takk til Caroline, Birgit og Synnøve. Samt Jeanette og Eirik i team Tromsøkraft som skal bistå the Norwegians i Bishop i tre veker. På denne turen fekk eg påfyll av inspirasjon. God klatring og god tur vidare.

torsdag 3. mars 2011

Bishop California - Buldring

For ei veke sidan hadde eg ikkje tenkt tanken på å reise på buldretur. Eg måtte tenke litt alternativt sidan eg skulle på tur åleine. Ryktene gjekk om at det var fleire kjente i Bishop. Facebook bekrefta dette og det kom melding om at det var gode buldre forhold. Dermed vart det buldretur og den lange køyreturen til Bishop.

Bishop ligg i ørkenen aust av fjellkjeda Sierra Nevada som har toppar opp til 4270 moh. Byen er på storleik med Førde og byen hevdar at dei er esel hovudstaden i USA. Dei skryter også av at det er godt fiske i elva Owen river. Nokre få innbyggarar har fått med seg at det er superb buldring i byen deira. Bybildet i hovudgata er sett saman av dei som er litt store og går med cowboy hatt, og dei litt mindre som går rundt med rare ullhuer og store dunjakker. Den siste gruppa er klatrande turister frå heile verda. Det mest kjente buldreområdet er Buttermilks. Gjengen eg skulle møte var ute av byen ein tur så første buldredag tok eg på Buttermilks.

Buttermilks 
Eit kjent buldrer på Buttermilks er Iron Man. Iron Man var klatra første gangen i 1981 av Tony Pupo. Hadde dette vore ei klatrerute i 1981 hadde det vore i den øvre delen av 5.12 klatregrad skalaen og dermed blandt dei vansklegaste sportklatrerutene for si tid. I dag er den gradert V4, som er ei moderat buldregrad, for dei som er interessert i slikt. Det er 10 år sidan eg var her sist og er dermed vorte 10 år eldre sidan sist. Eg måtte berre prøve å repetere det klassiske bulderet. I 2001 klarte eg ikkje å gå bulderet første dagen. Korleis var buldreforma i 2011?

Iron Man
Iron Man er ein travers som startar på gode grep, så blir grepa mindre og til slutt må ein gjere eit byks.

Iron Man bykset

Iron Man gjekk ikkje i første forsøk, men i tredje forsøk. Dermed fekk eg svar på spørsmålet mitt. Buldreformen er på høgde med kva den var når eg var litt yngre. To som er steingamle er Grandpa og Grandma. Desse to kampesteinane er dei to største buldra på Buttermilks. Skal eg gjere eit anslag er dei 18 - 20 meter høge.

Grandma ligger bak Grandpa
Liker ein å buldre på store steinar går det fleire ruter opp på toppen av Grandma. Rutene går på venstre del av den bakerste steinen ein ser på bilde. God tur til dei som likar slikt. Ein treng ikkje styrtmatte for å buldre slike bulder.