tirsdag 19. juli 2011

Buldre i Boulder

Før internett var det klatremagasina som formidla klatre nyheiter og skreiv den nyare klatre historia. Som gira klatrar har eg kjøpt og abonnert både på Climbing og Rock and Ice. Begge desse blada har sitt hovudkontor i Boulder, Colorado. Min første tur til Boulder var hausten 1992. Eg hadde med meg eit Climbing med ein artikkel om buldringa på Flagstaff. Med iver sykla eg opp til Flagstaff og buldra. Ein anna praktisk del av tidleg 90-åra var at heller ikkje crash pad hadde blitt utbredt. I skulderveska hadde eg eit par La Sportiva Kendo, ein gul og rosa Troll kalkpose og oppdrift til mange fine framtidige klatreturar.
Flagstaff ligger nokre kilometer frå Boulder sentrum.
Flagstaff ligger i front range'en som dei lokale kallar den nedre delen av fjellkjeda Rock Mountain.  I den bynære delen av Rock Mountain rundt Boulder finn ein eit nettverk av stiar for turgåarar og terrengsykkelistar. Av klatring finn ein Flat Iron som er dei tre markante fjelltoppane som er godt synleg vest av byen. På desse kan ein klatre fleire taulengder spennade svaklatring. I Boulder Canyon, som er ein ca 20 kilometer lang dal vest frå hovudgata, er det mange forskjellig typar klatring og den nyutvikla buldringa. Etter klatretur kan ein sykle innom gågata for å få ei forfriskande lokal klatre øl. Min favoritt av dei lokale øl typane vart terrengsykkel ølet Fat Tire. Det var ein lun ale som ikkje var flat, men hadde ein fin rund smak med bredde i.
Buldrar på Monkey traversen. 
Boulder er nok favoritt byen min i USA. Atmosfæren slik eg opplever den er funky, ungdomleg, liberal, organisk, natur opptatt og aktivitets fokusert. Campusen til Universitet i Boulder er ein stor del av sentrum og er med på skape denne stemningen. At eg fekk meg ein bonus tur til Boulder i år var ein tilfeldigheit. Ane deltok på ei veke lang konferanse i Denver. Dermed kunne vi ta to familie weekend'ar i Boulder samt at Tiril og eg budde der mens Ane var på jobb.
Denne sentrumsparken likte alle i familien.
Dette vart eit lite reisebrev frå Boulder med fokus på buldring.