fredag 18. februar 2011

White water

Vancouver er ein by som kan skryte av 1117.2 mm regn i året. I dag hadde regnet farge og snøgrensa kraup ned over skogen. Snøen gjekk over til regn i det det nådde bakken her i byen. På veg over brua til North Shore såg eg at det var kvitt langt ned i skogen. Sykkelturen min vart litt kortare i dag, men det gjorde ikkje noko. Eg er klar for meir snø, feller og pudder. Sykkelen min skal få litt kvile no.


Denne snutten er frå tysdagsturen min. Då sykla eg opp til snøgrensa på kring 600 moh. I dag var det så mykje snø på vegen at eg ikkje klarte å sykle oppover (ca 100 moh). Løysninga på den utfordringa var at eg trilla sykkelen oppover på ein av stiane. Inne i skogen var det 2 - 3 cm med snø og greit feste for skoa. Dagens tur var sett saman av to stiar i nettverket av stiar i nedre del av Mt Fromme.

Tilbake til emnet snø. Dei neste to vekene skal eg vere i snøen. Kommande søndag reiser eg med familie til Whistler. Vi har leigd ei leilighet og tidspunktet ser ut til å vere ideelt. Dei siste 7 dagane har det snøa 212 cm i Whistler. Eg gleder meg til å nytte fellene mine igjen og få køyrt uspora snø.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar