fredag 4. februar 2011

Vått, vilt og vakkert - sliten no

Dørstokk mila var lang i går, men eg tok meg sjølv i å sitte inne å sutre fordi det bøtteregna. Ein kulturforskjell som eg har opplevd er at canadiarane sykla i skogen sjølv om det regna. Sidan eg er her kan eg ikkje utgje meg for å vere ein solskinssyklar. Eit klassisk sitat som kan vere ein parall frå eit innandørsklatresenter er: "Klatra du ute også?" Eg har fått det spørsmålet her også så kanskje er det eit av dei globale spørsmåla.

Eg kom meg ut og det første eg gjorde på vegen til Mt Fromme var å køyre innom ein bensinstasjon. Når eg køyret ut der ifrå hadde bilen blitt meir trafikksikker med to nye vindusviskarar. Det var få andre sykelistar å sjå ved parkeringa. Eg tenkte ikkje over det då, men det var ingen andre der. Eg vurderte eit sekund om eg skulle sykle opp med gore tex anorakken. Gore tex hevdar at membranen deira er vatntett og pustar. Erfaringa tilseier at på ein slik dag blir alt vått. Det andre perspektivet er kor lite kler trenger eg når alt blir vått, og sidan ull varmar når det er vått var valet enkelt. Antrekket vart norsk ullundertøy med høghals og ei ullhue. 

Det fine med dette valet var at eg måtte sykle for å halde varmen. Eg sykla til eg kom opp i snøen og høyrte musiken frå skianlegget på toppen av fjellet Mt Grouse. Eg hadde sett på løypekartet at det var ein sykkelsti som var skildra som "old school" og  ikkje hadde desse større og mindre trekostruksjonane som kan vere glatte når det er vått. Å sykle stien med namnet Executioner (bødelen) skønnar eg no krevde ein god porsjon vilje for å kunne gjennomførast på ein god måte (for meg i dette tilfelle utan at ein går av sykkelen for mange ganger). Tanken bak å ta ned Executioner var å komme inn på traversstien Baden Powell i vestleg del og kunne følgje den i fleire kilometer tilbake til parkeringa. Dette var eit godt val og eg gjorde ei speidar helsing til Baden. Stien er ein multi purpose trail og er tilrettelagt både for natursyklarar og skogsvandrarar. Måten dei bygger stiar her er imponerande og det var mange fine bruer eg kryssa på min ferd mot parkeringa. Eg smilte av det eg såg rundt meg og eg smilte av kva eg fekk til opp på sykkelen av forseringar av våte røtter og steinar. Inn i skogen under dei store bartrea regna det ikkje, alt var berre vått, vilt og vakkert.  
"The North Shore in Vancouver is going through some big changes. The city took over much of the old school classic trails, then hired some of the people they were trying to bust for so many years for building "illegal trails", and had them replace all the old woodwork and stunts with bigger, better-built, burlier stunts. All hail Digger, and buy his movie...consider it a thank you, high five to the man who made it all possible". Kilde:www.pinkbike.com, Margus Riga
På min to og halv time lange ferd i skogen over millionbyen Vancouver møtte eg ingen andre. I dag gjorde det godt.

Det er mange fine nettsnuttar å finne på Pinkbike.com til og med regnversnuttar frå Vancouver Island.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar