fredag 11. februar 2011

Turvanar - eit mønster etablerast

Det var berre nokre hundre meter igjen før eg var ved "Cliffbarsteinen" og "Tisselia". Namna til steinen og vegskråning nedan for har dei fått etter korleis mønsteret på Mt Fromme turane mine har utvikla seg. Kvifor eg har laga meg den vanen å stoppe i ein austleg sving har nok fleire grunnar. Først må ein ta hensyn til primærbehova. Ryggen og baken har godt av å skifte litt stilling etter ca ein halvtime framoverbøgd sittande på eitt sykkelsete i realtivt statisk posisjon, og på Cliffbarsteinen er det fint å legge frå seg sekken for å finne fram ein Cliffbar. Sykkel står fint ved Sykkelsteinen. Eg ser inn i ei snørenne på Mt Seymour og nokre snødekte toppar bak der. Utsyn frå tjukkaste skogen. Sykkelstein og Cliffbarstein er kantrunda granittsteiner som hadde vore flotte buldresteinar om dei hadde for fire ganger så store. Eg likar denne austlege svingen. I denne svingen tek eg ofte valet for kva stiar eg skal ta ned igjen. I dag sykla eg opp til Pipeline, tok på med hjelmen og vendte framhjulet nedover.

North Shore handverk - eit av elementa på Pipeline
Eit anna mønster som har etablert seg er at tysdag og torsdag etter lunsj er ut i naturen dagar. Dei to vala eg vurderar oftast er sykling eller ski. Slik forholda er no er sykling som peikar seg ut som vinnaren. Gode forhold på sykkel eller dårleg forhold på ski. Når det blir litt tørrare er det også mogleg å buldre. Det tek litt meir tid, men er fullt mogleg å få tid til. Alle desse val kan eg gjere utan å måtte ha avtale med nokre andre også. Som småbarnsfar er det også ein verdi.

Tysdag var eg å sykla på Mt Seymour. Stiane der er meir lik dei på Kaupanger. På Mt Seymour er det mindre bratt og mindre med North Shore instalasjonar. I sykkelguiden skildra dei at det er meir XC sykling på singel track. Eg sykla ein sti som blir trekt fram som ein av dei bedre singel track stiane i Vancouver. Det var bra, men eg må gje Mt Seymour ein sjanse til. Verken eg eller sykkelen min hadde dagen. Giren min kom på skakke og eg bomma litt med kart-lesinga. Ankomststien eg tok for å komme til Bridle Path var eit dårleg val.  ... and don't bother with the section past the Buster junction to the Bridle Path..., stod det i klar tekst for ei som lese føraren.

Slik går dagane her borte. Måndag og onsdag kveld er det Cliffhanger utan Cliffbar og i helga er vi alle tre på tur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar