onsdag 2. februar 2011

Første turdag med shorts vart ein nedtur

Sjølv om det er minus grader eller 5 grader og regn er det shorts som er det rådande beinplagget til dei nedre ekstremitetane blant dei aktive canadiarane. I skogen blandt natursykelistane er det ganske store shorts'ar som er inn. Blandt dei meir urbane joggarane eg møter i parken er det kortare shorts og gjerne t-skjorte som er trenden.

Eg skulle berre ein innom Mec (Mountain Equipment Co-op) for å kjøpe blinkelykter til sykkelvogna, så stod eg brått og uventa framfor eit shortstativ og såg ubevisst på shorts'ar. Kvifor eg kom ut av butikken med ein shorts i handa den 1. februar og displayet på tempraturmålaren i bilen viste 2 grader er uvisst. Eg tok den på med ein gong.

Turen gjekk vidare opp Mountain Highway og inn i tjukkaste skogen på Mt Fromme. Eg følte med klar for Pipeline og sykla mot den. Denne sykkelstien har høyrt om, lest om og også sett nettsnuttar om. Sola skein frå ein kald blå himmel og det var barfrost i bakken. Eg trengte ikkje å bruke tid på å ta ein beslutning. Eg var klar for nedturen.


Pipeline from Sebastian Oppel on Vimeo.

Dagens nedtur gav meg årets største smil. Etter Pipeline sykla eg traversstien Baden Powell til eg kom til Natural High og retta framhjulet nedover igjen. Siste etappe var ned Lower Griffen. Eg skulle gjerne hatt eit bilde av shorts'en, men den er i vaskemaskina. Forresten er det ein ganske lite spennande short. Det var ikkje shorts'en som gav meg det store smilet i dag. Eg vart nok berre natural high. Takk til skogens stibyggarar og Moder Jord.

fredag 28. januar 2011

Canada - 2011

Hei igjen. Etter å ha vore lite aktiv ein periode tek eg opp igjen turbloggen. Første halvdelen av tjue elleve er eg i Vancouver. Eg skal prøve å formidle litt kva turar og aktivitetar eg er på ute i naturen. Det eg har brukt mest tid på fram til no er skogssykling i nord Vancouver. At skogssyklinga er ein fin vinteraktivitet var ein postiv overrasking.

Drikkerast på veg opp Mt. Fromme - North Shore Vancouver 
Sist onsdag var eg ein tur for å synfare buldringa i Squamish. Buldringa i Squamish er på granittblokker og der er store og små steinar å velje mellom. I buldreføraren er 2500 buldre problem... Det blir nok eit innlegg der frå når regnet gir seg og det tørkar opp.

Det fine med skogssykling er at ein kan sykle sjølv om det vått og regna. Den eine gangen eg var å sykla var det slaps. Frå leiligheta der vi bur tek det ca. 30 minuttar å køyre til parkeringa til Mt. Fromme.
Litt spent før første tur på ein dobbel svart sykkelsti.
Eg vurderar å kjøpe hjelmkamera i år. Det er litt "harry", men eg er nesten alltid på tur åleine her borte. Det kan vere ein måte å ta litt bilder og film frå turane. Eg sjekkar på litt på bruktsidene på nettet. Her er ein snutt frå Ladies Only:


North Shore - Fromme - Ladies Only to Upper Skull from North Shore Bike Shop on Vimeo.

Dei fleste som dreg til Canada om vinteren er her for å stå på ski. I Vancouver er det tre lokale skianlegg. Det er fine anlegg til kveldskøyring og ein kan få glimt av laussnø. Den eine dagen eg var i Cypress fekk eg køyrt pudder. Ved vestkysten av Canada må ein fjells for å finne tørrsnø. Det tek to timar til Whistler eller Mt. Baker (U.S.).  Begge desse anlegga har gode moglegheitar for toppturar i høgfjellet. Vi var ein tur til Whistler, men då vart det køyring i anlegget. For å komme inn til Canadian Rockies og tørrsnøen tek det 7 timar å køyre. Eg håpar at eg får meg ei veke i Revelstoke litt seinare i vinter.

søndag 12. september 2010

Nærøyfjorden - med sognafæring

Å ro Nærøyfjorden med sognafæring er ein av hausten sine frynsegoder i jobben min. Friluftslivstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane nyttar denne roturen som ein del av undervisninga om naturbasert reiseliv. 
På veg til Styvi i åttringen 
Roturen starta i Undredal, men før vi gjekk i båtane hadde vi ostesmaking av kvit og brun geitost frå det lokale ysteriet og anna lokal "slow food". Etter lunsj rodde vi rundt Beitelen og inn i Nærøyfjorden. I Dyrdal overnatta vi i skulestova.    

Styvingen og Aurlands Svarten 
Kystlaget og Kystledet har sognafæringer til leige i Aurland og på Bakka. Eit turist forslag i nærområdet er ro Nærøyfjorden og overnatte på Drægo eller Stigen med tre rettars middag. Sognafæringen er ein robåt der roeigenskapane har vore dyrka fram i generasjonar. Den har fleire likheitar med båtar som vart bygde i Sogn for 1000 år sidan. Det å skli fram over sognfjorden med ein lokal færing er ei oppleving.
Ei voksen krabbeklo
Lunsj kan ein ordne sjølve. Trollgarnet vårt fekk godt med krabbar. Denne kloa er frå den største krabben.

Vi nærmar oss Bakka i Nærøyfjorden
Sognafæringen er eit effektivt transportmiddel på fjorden. Ved gunstige forhold holdt båtane ein hastigheit kring 6 km/t utan at roarane brukte krefter. Når ein ror på kom hastigheiten opp mot 10 km/t. Utifrå desse erfaringane kan eg skjønne at våre forfedre har rodd både til Bergen og lengre avstandar.

Åttring i Nærøyfjorden 2010 from Vegard Vereide on Vimeo.
Takk for turen denne gangen også.

mandag 23. august 2010

Kvam - ei tidsoase

Klatrefeltet i Kvam har vore grunnpillaren i mi klatring dei siste åra. Frå eg går ut døra heime til eg kan opne kalkposen og byrje å klatre tek det 15 minuttar. Tidsoasen blir skapt av at eg kan klatre og ha det kjekt med kammerat samstudes at eg ikkje tek for mykje dyrbar familietid. Kvam har klart å bevare klatraren i meg.

Sigbjørn klatrar Nevada på Svarthammaren.  Foto: Johanne Hauge
I sommar kom klatrerute nummer 200 på klatrefeltet. Duoen Sigbjørn og Thor Espen har ned lagt ein unik jobb på Kvam. Innan eit år har duoen etablert 30 nye ruter i Kvam og ved Hafslo. Av desse er 10 klatreruter naturleg sikra. Andre har også stått på for klatringa i Kvam det siste året. Det å ha gode lokale klatrefelt gjer til at klatraren i meg lever. Ei takk til alle dei som står på for Kvam.

 Tørre og glade lokale heltar i regnver på Svarthammaren
 Til Thor Espen og Sigbjørn god klatretur.

torsdag 12. august 2010

Natursykling kring hytta på Høvringen

Høvringen er i eit landskap som er godt egna for stisykling. Dei siste gangane vi har vore på hytta har vi "oppdaga" sykkel moglegheitane som låg rett utanfor hytte døra. Desse bildene er frå stien mellom Smukksjøsæter til Høvringen.
Stien går langs Høvringsåe og gjev moglegheit til å få "flyt" opplevingar
Merka T-stiar kan nyttast til anna enn vandring. I Rondane nasjonalpark er det ikkje lov å sykle i terregnet eller på sti. Men i landskapvernområdet kring Høvringen kan ein både sykle og ri på stinettet.
Høvringen har nokre eldre stølstun

Turen frå Smukksjøsøæter til Høvringen er 6 kilometer. Takk for turen.

mandag 9. august 2010

Store Trolltind - nordeggen

Denne turen har vore på ønskelista i fleire år

Adelsbreen ligger på eine sida av ryggen og Romsdalen på den andre

Siste del av nordeggen er klatring

Ryggen gjev god utsikt til Trollveggen

Eit tilbakeblikk

Eg skjønnar basehopparane...trur eg...

Brudeskaret på Trollveggen. Gamle minner blir børsta støv av for ein god venn.

Vi gjekk normal veg tilbake via Trollstigen

Takk for turen

fredag 6. august 2010

Turist på Romsdalshorn

Ettermiddagstur til Romsdalshorn

Innsteget til Hornet startar med "Spranget"

Vi klatra opp nordveggen

Hytta til Anders Randers Heen

Vi gjekk ned igjen Halls renne