mandag 23. august 2010

Kvam - ei tidsoase

Klatrefeltet i Kvam har vore grunnpillaren i mi klatring dei siste åra. Frå eg går ut døra heime til eg kan opne kalkposen og byrje å klatre tek det 15 minuttar. Tidsoasen blir skapt av at eg kan klatre og ha det kjekt med kammerat samstudes at eg ikkje tek for mykje dyrbar familietid. Kvam har klart å bevare klatraren i meg.

Sigbjørn klatrar Nevada på Svarthammaren.  Foto: Johanne Hauge
I sommar kom klatrerute nummer 200 på klatrefeltet. Duoen Sigbjørn og Thor Espen har ned lagt ein unik jobb på Kvam. Innan eit år har duoen etablert 30 nye ruter i Kvam og ved Hafslo. Av desse er 10 klatreruter naturleg sikra. Andre har også stått på for klatringa i Kvam det siste året. Det å ha gode lokale klatrefelt gjer til at klatraren i meg lever. Ei takk til alle dei som står på for Kvam.

 Tørre og glade lokale heltar i regnver på Svarthammaren
 Til Thor Espen og Sigbjørn god klatretur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar