mandag 11. april 2011

Squamish - Combo

Den lokale ute buldresesongen er igang. Superfly var det første bulderet eg klatra i Squamish. Det er eit klassisk bulder like ved stien opp til the Grand Wall på fjellklippa the Chief. The Chief er ein mektig granittvegg som er landemerket for Squamish. Veggen går nesten frå fjorden og 702 høgemeter opp til toppen.


Under store fjellveggar er det ofte store steinar. Buldreføraren til Squamish har 2500 graderte buldreproblem. Hovudbuldrefeltet i Squamish er under the Chief. Det er fleire andre buldrefelt i dalane kring Squamish. I Whistler, som er ca 40 minuttar køyring frå Squamish, er det også ein del buldring.

På laurdag hadde eg ein fin vårdag. Først buldra eg til fingrane og overkroppen vart godt møre. Deretter gjekk eg innom den lokale sykkelbutikken og spurte om dei hadde ein fin sykkeltur i nærområdet å anbefale. Dei sendt meg til stien / løypa Half Nelson med garanti at eg kom til å huske sykkelturen for resten av livet. For å komme til sykkelstien køyrte eg ein skogsbilveg nokre kilometer ut frå sentrum og deretter sykla eg ein liten halv time oppover på nokre mindre skogsbilvegar. Nedturen vart eit godt minne og ein fin måte å få rista laus støle armar. Det vart ein fin combo med buldring og sykling denne dagen. Ein god naturdag i Squamish.



2 kommentarer:

  1. Hei,
    du får ta deg en tur opp til Skaha !
    Midt i hjertet av Canadas beste rødvins produksjon, Penticton, Oanagen Valley...
    Finfin klatring her og...

    SvarSlett
  2. Hei igjen. Skaha står på programmet i juni. Gledar meg. Kor lenge skal du vere i Canada?

    SvarSlett